Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot Meshal Tammo i straffedomstolen i Damaskus (14.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU beklagar sterkt avgjerda som vart teken i straffedomstolen i Damaskus 11. mai 2009 om å dømme Meshal Tammo, talsmann for det kurdiske partiet Kurdish Future Movement, til tre og eit halvt års fengsel.

EU beklagar sterkt avgjerda som vart teken i straffedomstolen i Damaskus 11. mai 2009 om å dømme Meshal Tammo, talsmann for det kurdiske partiet Kurdish Future Movement, til tre og eit halvt års fengsel fordi han skal ha “spreidd falsk informasjon” og “svekt nasjonalkjensla”. 

EU understrekar på nytt sitt engasjement for ytringsfridomen og retten for alle syriske borgarar til ein rettferdig rettargang, i samsvar med den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria ratifiserte 21. april 1969. 

EU rettar ei innstendig oppmoding til Syria om å overhalde dei internasjonale tilsegnene sine og setje fri Meshal Tammo og alle andre samvitsfangar. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.  

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.