Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen etter utvisinga av diplomatar frå Fiji (10.11.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg lei for kunngjeringa frå overgangsregjeringa i Fiji 3. november om at landet har utvist Australias høgkommissær og New Zealands fungerande delegasjonssjef.

EU seier seg lei for kunngjeringa frå overgangsregjeringa i Fiji 3. november om at landet har utvist Australias høgkommissær og New Zealands fungerande delegasjonssjef.

Denne utviklinga er eit teikn på at relasjonane mellom Fiji og verdssamfunnet er vortne endå dårlegare, og undergrev framstega som er gjorde med tanke på å ta opp att kontakten og gå inn i ein dialog. Når Fiji no isolerer seg, set landet den samla innsatsen for å gjenopprette rettsstaten og demokratiet i fare. EU appellerer til Fiji og alle landets samarbeidspartnarar om å arbeide saman for å oppnå ein meiningsfylt dialog, slik at ein kan unngå ei vidare utvikling i negativ retning.

EU uttrykkjer på nytt uro over at det framleis er militærstyre i Fiji, og oppmodar overgangsregjeringa om straks å setje i verk tiltak for å gjenopprette demokratiet, menneskerettane og rettsstaten, i samsvar med forpliktingane Fiji har teke på seg gjennom den reviderte Cotonou-avtalen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.