Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Steve Henley (12.02.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga av Steve Henley, som fann stad 4. februar i Riverbend-fengselet i Nashville i Tennessee.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga av Steve Henley, som fann stad 4. februar i Riverbend-fengselet i Nashville i Tennessee.

Steve Henley var dømt til døden for drapa på Fred og Edna Stafford i 1985. Henley har heile tida hevda at han var uskyldig. Han vart faktisk dømt på grunnlag av ei vitneutsegn frå ein som var sikta saman med han.

Avrettinga av Steve Henley innebar slutten på eit de facto moratorium på avrettingar i staten Tennessee, i påvente av ei avgjerd i USAs høgsterett i saka Baze mot Rees. Avgjerda i høgsterett 16. april 2008 innebar at avrettingar med dødeleg injeksjon kunne takast opp att i USA.

Den europeiske unionen stadfester sin mangeårige motstand mot bruk av dødsstraff under alle omstende. Som ein konsekvens av dette arbeider EU for å avskaffe dødsstraffa over heile verda, og ønskjer at det vert innført eit globalt moratorium for avrettingar som eit første steg.

Den europeiske unionen merkjer seg at FNs generalforsamling 20. november 2008 vedtok ein resolusjon om dødsstraffa, som stadfester generalforsamlinga sin resolusjon frå desember 2007, som uttrykkeleg oppmoda alle land som framleis praktiserer dødsstraffa, om å innføre eit moratorium på avrettingar, med det føremål å avskaffe denne praksisen.

Vi meiner at ei avskaffing av dødsstraffa er grunnleggjande for å verne om menneskets sjølvrespekt, og for ei progressiv utvikling av menneskerettane.

På bakgrunn av dette ber Den europeiske unionen innstendig om at det på nytt vert innført eit de facto moratorium for bruk av dødsstraff i staten Tennessee.

Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.