Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Molla Gol Hassan og masseavrettingar i Iran (27.01.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga av Molla Gol Hassan, ein afghansk statsborgar som var dømt for eit brotsverk han skal ha gjort seg skyldig i då han var 17 år gammal. Han vart avretta 21. januar 2009 i Evin-fengselet i Teheran.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga av Molla Gol Hassan, ein afghansk statsborgar som var dømt for eit brotsverk han skal ha gjort seg skyldig i då han var 17 år gammal. Han vart avretta 21. januar 2009 i Evin-fengselet i Teheran.

Den europeiske unionen fordømmer òg på det sterkaste avrettinga av 21 personar i Iran 20. og 21. januar, av dei ti i Teheran, ni i Yazd-provinsen og to i Isfahan. EU oppmodar på nytt dei iranske styresmaktene om å avskaffe dødsstraffa i sin heilskap, og ber om at det i mellomtida vert oppretta eit moratorium for avrettingar, slik det innstendig vert oppmoda om i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Dei iranske styresmaktenes bruk av dødsstraff mot mindreårige lovbrytarar er klart i strid med rettsleg bindande reglar i folkeretten, og kan absolutt ikkje rettferdiggjerast på nokon måte. Den europeiske unionen fordømmer den kjensgjerninga at Iran avretta minst ni mindreårige lovbrytarar i 2008, og unionen ber innstendig Den islamske republikken Iran om straks å innstille bruken av dødsstraff mot mindreårige.

EU oppmodar vidare Den islamske republikken Iran om å bringe si nasjonale lovgjeving og sin nasjonale rettspraksis i samsvar med dei internasjonale menneskerettskonvensjonane som Iran av eigen fri vilje har slutta seg til og ratifisert, mellom dei Barnekonvensjonen og Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar. Desse to internasjonale menneskerettsmekanismane forbyr klart og tydeleg avretting av mindreårige eller personar som er dømde for brotsverk dei gjorde seg skyldige i medan dei var mindreårige.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings-prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.