Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om brot på religionsfridomen i Iran (25.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer djup uro over at det skjer stadig fleire brot på religionsfridomen i Iran. Særleg fordømmer EU måten dei iranske styresmaktene stadig forfølgjer lovlege uttrykk for kristen tru på.

EU uttrykkjer djup uro over at det skjer stadig fleire brot på religionsfridomen i Iran. Særleg fordømmer EU måten dei iranske styresmaktene stadig forfølgjer lovlege uttrykk for kristen tru på.

Ifølgje tilgjengelege rapportar sit dei iranske statsborgarane Hamik Khachikian, Jamal Qalishourani og Nadereh Jamali, som vart arresterte i januar 2009, framleis internerte utan tiltale. Det same gjeld Marzieh Amirizadeh og Maryam Rustampoor, som vart arresterte i mars 2009.

I mars 2009 fekk Seyed Allaedin Hussein, Homayoon Shokouhi og Seyed Amir Hussein Bob-Annari ein vilkårsdom på åtte månaders fengsel. Tilgjengeleg informasjon tyder på at målet med denne forfølginga er å undertrykkje religionsfridomen og retten til fritt å uttrykkje si religiøse tru.

EU gjentek at unionen er uroa over situasjonen for sju medlemer av bahaisamfunnet i Iran –Fariba Kamalabadi, Jamaloddin Khanjani, Afif Naimi, Said Rezaei, Mahvash Sabet, Behrouz Tavakkoli og Vahid Tizfahm – som har vore internerte i over eit år, og som er skulda for alvorlege lovbrot.

Tilgjengeleg informasjon tyder også her på at målet med forfølginga er å undertrykkje den religiøse identiteten til bahaiane og å få slutt på dei lovlege aktivitetane til dette trussamfunnet. Det kjem dessutan talrike rapportar som er med på å styrkje denne uroa, om at medlemer av bahaisamfunnet vert trakasserte av styresmaktene, t.d. ved internering, innkallingar til politiet og press om å avstå frå å ta del i dei religiøse aktivitetane til trussamfunnet.

Vidare uttrykkjer EU uro over den kritiske situasjonen for den iranske sjiittiske ayatollaen Seyed Hossein Kazemeini Boroujerdi, som er fengsla saman med ei rekkje tilhengarar på grunn av den religiøse verksemda si. Ifølgje tilgjengelege rapportar vert Boroujerdi nekta behandling på sjukehus trass i den alvorlege helsetilstanden sin.

EU oppmodar dei iranske styresmaktene innstendig om å stå fast ved dei internasjonale juridiske tilsegnene sine om å sikre religionsfridomen og stanse forfølginga av lovleg religiøs verksemd. EU minner òg dei iranske styresmaktene om at dei er forplikta til å ta vare på helsa til alle som sit i fengsel eller er internerte.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.