Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om krisa etter valet i Iran (23.06.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har sluttet seg til ei erklæring frå formannskapet om krisa etter valet i Iran.

EU følgjer nøye med på krisa etter valet i Iran, med full respekt for suvereniteten til landet, og forventar at krisa vert løyst gjennom demokratisk dialog og med fredelege middel.

EU er djupt uroa over den brutale valden som stadig vert brukt mot demonstrantar, og som allereie har leidd til at liv har gått tapt. EU gjentek hovudbodskapen frå konklusjonane til Det europeiske rådet 18.–19. juni og oppmodar difor dei iranske styresmaktene til å avstå frå vilkårlege massearrestasjonar og fordømmer på det sterkaste alle restriksjonar på media og journalistar.

EU ser på skuldingane frå ulike iranske styresmakter mot EU og medlemsstatane om europeisk innblanding i det iranske valet som grunnlause og uakseptable. Alle medlemsstatane i EU står sjølvsagt samla mot skuldingane som vert sette fram mot enkelte EU-land, og mot forsøka på å skilje ut haldninga til nokre av desse landa overfor Iran.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.