Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om busetjingsverksemda til Israel (24.02.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om busetjingsverksemda til Israel.

EU fordømmer dei israelske planane om å byggje ei ny busetjing i nærleiken av Adam-busetjinga på Vestbreidda. Dersom ho vert bygd, utgjer dette eit nytt busetjingsområde.

EU oppmodar Israel innstendig om å revurdere den planlagde bygginga av busetjinga. Ei slik busetjing ville vere eit brot på folkeretten og vere i strid med vegkartet for fred og med tilsegnene Israel gav palestinarane og verdssamfunnet i Annapolis i fjor.

Rapportar syner at talet på nybygde strukturar i 2008 kom opp i 1257, der 748 var permanente bygg og 509 mobile strukturar.

Busetjingsverksemda er ei stor hindring på vegen mot fred i Midtausten og går imot den internasjonale innsatsen for å få framdrift i fredsprosessen. EU har heile tida gjort det klart at det ikkje kan verte varig fred i Midtausten viss det ikkje vert oppretta ein levedyktig palestinsk stat. Men utsiktene til at dette skal skje, vert kraftig reduserte når busetjingsverksemda held fram.

Busetjingsverksemda undergrev innsatsen til dei arabiske partnarane som har forplikta seg til ei fredeleg løysing på konflikten, og reiser tvil om kor vidt Israel verkeleg ønskjer ei tostatsløysing.

Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.