Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Afghanistan (05.11.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg glad for at presidentvalet no er avslutta, og gratulerer president Hamid Karzai med attvalet.

EU seier seg glad for at presidentvalet no er avslutta, og gratulerer president Hamid Karzai med attvalet.

Det må no dannast ei truverdig og kompetent regjering som arbeider for eit samla Afghanistan. EU understrekar kor viktig det er at den nye regjeringa til president Karzai snarast råd utviklar eit omfattande program for å møte utfordringane nasjonen no står overfor, særleg når det gjeld styresettet, kampen mot korrupsjon og tryggleiken i landet.

EU står klar til å engasjere seg tidleg og konkret overfor den nye regjeringa på grunnlag av handlingsplanen som nyleg vart vedteken. EU understrekar at ein må nytte erfaringane frå dette valet til å evaluere og forbetre valprosessen før neste val.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.