Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om atomprøva som vart gjennomført av Den demokratiske folkerepublikken Korea (25.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer på det sterkaste atomprøva som Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) gjennomførte 25. mai 2009.

EU fordømmer på det sterkaste atomprøva som Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) gjennomførte 25. mai 2009.

Ei slik prøve undergrev stabiliteten på Koreahalvøya og i regionen og er ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik. Prøva er eit klart brot på resolusjon 1718 frå FNs tryggingsråd og avtalen mellom Nord- og Sør-Korea frå desember 1991. EU rådfører seg og samarbeider tett med dei internasjonale partnarane sine om responsen på denne handlinga. 

EU oppmodar på det sterkaste Nord-Korea til å avstå frå slik aktivitet, gje avkall på kjernefysiske våpen og vende tilbake til sekspartsforhandlingane straks og utan vilkår og arbeide for at felleserklæringa frå september 2005 vert gjennomført. EU oppmodar Nord-Korea om på nytt å etterleve avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen og kontrollkrava frå Det internasjonale atomenergibyrået. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.