Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot Daw Aung San Suu Kyi (11.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen fordømmer dommen mot Daw Aung San Suu Kyi, leiar av Den nasjonale ligaen for demokrati og fredsprisvinnar, og den grunnlause rettssaka mot henne.

Den europeiske unionen fordømmer dommen mot Daw Aung San Suu Kyi, leiar av Den nasjonale ligaen for demokrati og fredsprisvinnar, og den grunnlause rettssaka mot henne.

Rettssaka mot Daw Aung San Suu Kyi, på grunnlag av ein tiltale som vart reist tjue år etter at ho vart arrestert urettmessig første gong, har vore i strid med nasjonal lovgjeving og folkeretten. EU ber innstendig styresmaktene setje henne fri straks og utan vilkår.

Styresmaktene i Burma/Myanmar har valt å sjå bort frå protestane mot arrestasjonen av henne og oppmodingane om å setje henne fri. Desse har kome frå fleire statar og organisasjonar enn nokon gong før, med FNs generalsekretær i spissen, og medrekna formannskapslandet og fleire medlemsstatar i ASEAN, som Burma/Myanmar er medlem i.

EU vil svare med ytterlegare målretta tiltak mot dei som er ansvarlege for dommen. I tillegg vil EU ytterlegare styrkje sine restriktive tiltak som er retta mot regimet i Burma/Myanmar, medrekna dei økonomiske interessene til landet. EU understrekar at unionen har vilje til å revidere, endre eller styrkje tiltaka sine i ljos av utviklinga i Burma/Myanmar.

EU vil intensivere samarbeidet med det internasjonale samfunnet, og særleg med partnarane sine i Asia, for å nå vårt felles mål med å få sett fri Daw Aung San Suu Kyi og alle andre politiske fangar i Burma/Myanmar straks og utan vilkår. Dette er eit viktig første steg i den ekte nasjonale forsoningsprosessen som trengst dersom valet i 2010 skal kunne oppfattast som truverdig, fritt og rettferdig, noko som også FNs generalsekretær understreka då han var i Burma/Myanmar 3. 4. juli. EU ber innstendig styresmaktene i Burma/Myanmar oppfylle Generalsekretærens krav og å samarbeide med FN og det internasjonale samfunnet. Dersom styresmaktene vedtek å gjere slike tiltak, står EU klar til å svare positivt.

EU minner om den sterke og urokkelege skyldnaden som unionen har til å støtte og halde oppe folket i Burma/Myanmar. EU gjev folket mykje humanitær hjelp og står klar til å auke støtta ytterlegare.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.