Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Niger (31.07.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer djup uro over den politiske situasjonen i Niger. Den konstitusjonelle folkeavrøystinga som etter planen skal finne stad 4. august, er i strid med avgjerda frå forfatningsdomstolen.

EU uttrykkjer djup uro over den politiske situasjonen i Niger. Den konstitusjonelle folkeavrøystinga som etter planen skal finne stad 4. august, er i strid med avgjerda frå forfatningsdomstolen.

EU understrekar på nytt at det å oppløyse forfatningsdomstolen og å regjere utan parlamentarisk kontroll er alvorlege brot på demokratiske kjerneverdiar og rettsstatsprinsippa. EU seier seg lei for at regjeringa i Niger til no ikkje har gjort teikn til å vende tilbake til ein demokratisk og konstitusjonell prosess.

EU understrekar at dersom Niger held fram med å bryte med sentrale element i Cotonou-avtalen, vil dette få alvorlege følgjer for samarbeidet mellom EU og Niger. EU oppmodar dei nigerske styresmaktene om å vende tilbake til ein demokratisk og konstitusjonell prosess med det same.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.