Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo (20.02.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ein EU-erklæring om situasjonen i Kongo.

EU følgjer nøye med på utviklinga i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo (DRC), mellom anna det styrkte samarbeidet mellom DRC og Rwanda.

EU meiner at det styrkte samarbeidet mellom dei to landa gjev håp om å finne fram til ei samordna og varig løysing på krisa i den austlege delen av DRC. EU oppmodar til at dei kjempande i Congrès National pour la Défense du Peuple (CNDP) og andre organiserte væpna grupper, vert fullt integrerte i dei væpna styrkane til DRC (FARDC), noko som er eit viktig steg på vegen mot varig fred.

EU oppmodar Rwandas demokratiske frigjeringshær (FDLR) til å leggje ned våpna straks og vende attende til Rwanda. EU oppmodar alle partar om fullt ut å ta omsyn til den humanitære situasjonen for sivilbefolkninga og rette seg etter gjeldande føresegner i den humanitære folkeretten. I denne samanhangen merkjer EU seg at dei kongolesiske styresmaktene har forplikta seg til å verne sivilbefolkninga og leggje til rette for humanitær bistand. EU understrekar behovet for å involvere FN-styrken i Den demokratiske republikken Kongo (MONUC) i planlegginga av operasjonane slik at MONUC kan oppfylle mandatet sitt, særleg med omsyn til vern av befolkninga, og framhevar kor viktig det er at FARDC og framande soldatar som er lovleg til stades i landet, fullt ut respekterer MONUCs mandat. EU stadfester på nytt si støtte til regionalt samarbeid i området kring dei store sjøane som eit viktig middel for å styrkje arbeidet som alt er i gang for å løyse dei vedvarande krisene i landet.

I tillegg til å løyse økonomiske og politiske utfordringar må ein varig fred blant anna byggje på brei forsoning og kamp mot straffridom. Den europeiske unionen oppmodar i den samanhangen òg alle involverte partar til å samarbeide med Den internasjonale straffedomstolen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.