Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet i Den europeiske unionen om Chiles ratifikasjon av Roma-vedtektene (30.06.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

På vegner av Den europeiske unionen vil formannskapet gjerne sende sine varme gratulasjonar til Chile i høve Chiles ratifikasjon av Roma-vedtektene av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) den 29. juni 2009.

På vegner av Den europeiske unionen vil formannskapet gjerne sende sine varme gratulasjonar til Chile i høve Chiles ratifikasjon av Roma-vedtektene av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) den 29. juni 2009.

Chiles tilmelding, som aukar talet på ICC-statspartar til 109, utgjer endå eit langt steg vidare framover i det internasjonale samfunnet sine freistnader på å motarbeide straff-fridom for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord. Den europeiske unionen er overtydd om at Chile vil gje eit verdifullt tilskot til arbeidet i domstolen, og vi vonar at Chiles tilmelding vil spore andre land til å vurdere å ratifisere vedtektene.

Om ikkje alle statane deltek, vil domstolen ikkje kunne oppfylle rolla si som eit nøkkelinstrument for å motarbeide straff-fridom når dei alvorlegaste brotsverka vert gjorde og nasjonale domstolar ikkje vil eller kan etterforske og reise påtale. ICC har òg ei stor rolle å spele når det gjeld å førebyggje og hindre slike brotsverk.

I dette høvet minner EU om skyldnaden sin til universaliteten og integriteten til Roma-vedtektene og oppmodar statar som ikkje enno har gjort det, til å tilmelde seg Roma-vedtektene når det høver.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU