Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslingsdommen mot Habib Saleh i straffedomstolen i Damaskus 15. mars 2009 (20.03.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om fengsling av Habib Saleh i Syria.

EU seier seg lei for avgjerda som vart teken i straffedomstolen i Damaskus 15. mars 2009 om å dømme Habib Saleh til tre års fengsel for å ha uttrykt meiningane sine i artiklar på Internett.

EU understrekar på nytt sitt engasjement for meiningsfridom og retten til å få saka si prøvd i ein upartisk rettsprosess, slik det er nedfelt i den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria ratifiserte 21. april 1969.

EU oppmodar Syria om å overhalde dei internasjonale forpliktingane sine og setje fri Habib Saleh og alle andre samvitsfangar.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.