Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsdommen mot Troy Davis i USA (15.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU følgjer med på utviklinga i saka til den amerikanske statsborgaren Troy Davis, som etter planen skulle avrettast i den amerikanske delstaten Georgia, først i september 2008 og deretter i oktober 2008, då avrettinga vart førebels utsett.

EU følgjer med på utviklinga i saka til den amerikanske statsborgaren Troy Davis, som etter planen skulle avrettast i den amerikanske delstaten Georgia, først i september 2008 og deretter i oktober 2008, då avrettinga vart førebels utsett.

EU stadfester på nytt sin mangeårige motstand mot dødsstraff under alle omstende. Unionen meiner at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og til ei gradvis utvikling av menneskerettane.

EU vil òg på nytt understreke si uro over uvissa som framleis rår i saka til Troy Davis, og som har ført til at det er stilt spørsmål ved om han er skuldig. EU meiner at denne saka viser ein av dei mest skremmande konsekvensane ved bruken av dødsstraff – at ein potensielt uskuldig person kan verte avretta.

Kandidatlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.