Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Afghanistan (11.09.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

President- og provinsvalet 20. august 2009 vart hylla som ein siger for det afghanske folket over dei som prøvde å hindre at valet vart halde. Men valprosessen er ikkje fullført før sluttresultatet er godkjent etter vallova.

President- og provinsvalet 20. august 2009 vart hylla som ein siger for det afghanske folket over dei som prøvde å hindre at valet vart halde. Men valprosessen er ikkje fullført før sluttresultatet er godkjent etter vallova.

Den europeiske unionen oppmodar Den uavhengige valkommisjonen (IEC) og Valklagekommisjonen (ECC) til å halde fram med å samarbeide for å oppfylle dei respektive mandata sine.

Den europeiske unionen, som er uroa over påstandar om fusk ved ei rekkje røystelokale, merkar seg at ECC har måtta etterforske dette. Den europeiske unionen hyllar det viktige arbeidet som ECC har gjort for å sikre truverdet til valet, og understrekar trongen for at ECC sitt sjølvstende vert sikra fullt ut, og at ECC, med aktiv støtte frå IEC, får tilstrekkeleg tid til å oppfylle mandatet sitt.

Den europeiske unionen ventar at alle styresmakter og interessentar samvitsfullt vil respektere vallova og avstå frå å uttale seg om resultatet før det er tilbørleg godkjent.

Den europeiske unionen rosar innsatsen som Den europeiske unionens valobservasjonsgruppe (EOM) har gjort for å gje ei uavhengig vurdering av valprosessen, og tek vurderingane til EOM til no til seriøs etterretning.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på EUs nettsider (PDF).