Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga den siste tida i Zimbabwe (03.02.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU seier seg glad for at partane i Zimbabwe med hjelp frå SADC har kome fram til ein avtale.

EU seier seg glad for at partane i Zimbabwe med hjelp frå SADC har kome fram til ein avtale.

EU håpar at den politiske løysinga dei har kome fram til, vil føre til at det straks vert slutt på den politiske valden og terroriseringa, og at alle politiske fangar no vert sette fri. Unionen håpar vidare at den nye regjeringa vil vise vilje til å gjennomføre reformer, m.a. ved å oppheve undertrykkjande lover, utnemne eit truverdig finans-team og skape vilkår for ei økonomisk stabilisering.

Det som no må prioriterast framfor alt anna, er å lindre lidingane til folket i Zimbabwe. EU understrekar på nytt sitt engasjement for folket i Zimbabwe gjennom sitt omfattande og mangeårige program for humanitær hjelp. EU er òg reie til å støtte den økonomiske og sosiale atterreisinga av Zimbabwe, så snart regjeringa viser klare teikn til å vende attende til respekt for menneskerettane, rettstryggleik og makroøkonomisk stabilisering.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.