Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Zimbabwe (12.11.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er uroa over at fem framståande medlemer av den faglege hovudorganisasjonen i Zimbabwe (ZCTU) vart arresterte søndag 8. november, mellom dei ZCTU-leiaren Lovemore Matombo, og over at dei framleis sit internerte.

EU er uroa over at fem framståande medlemer av den faglege hovudorganisasjonen i Zimbabwe (ZCTU) vart arresterte søndag 8. november, mellom dei ZCTU-leiaren Lovemore Matombo, og over at dei framleis sit internerte.

Dette føyer seg inn i ei rekkje av andre tilfelle av trakassering og truslar som er retta mot politiske aktivistar og medlemer av sivilsamfunnet i Zimbabwe. EU ser på det som særs urovekkjande at MDC-medlemet Pascal Gwezere skal ha vorte torturert medan han vart halden internert utan kontakt med omverda.

EU oppmodar om at Lovemore Matombo og kollegaene hans vert sette fri snarast råd, og at det vert sett ein stoppar for all statleg vald mot og terrorisering av  medlemer av sivilsamfunnet og politiske aktivistar i Zimbabwe. Unionen støttar oppmodinga som kom frå regjeringane i regionen etter toppmøtet i SADC-organet i Maputo om ei rask gjennomføring av den globale politiske avtalen. EU oppmodar partane i den globale politiske avtalen om å finne ein måte å løyse konflikten mellom dei på.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.