Erklæring frå EU om Burma/Myanmar (03.06.10)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgjevar: Europaportalen
Dato: 03.06.2010
Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/232/FUSP av 26. april 2010 om vidareføring av restriktive tiltak mot Burma/Myanmar.
Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/232/FUSP av 26. april 2010 om vidareføring av restriktive tiltak mot Burma/Myanmar.
26. april 2010 vedtok Rådet avgjerd 2010/232/FUSP . Rådsavgjerda inneheld ei fornying og oppdatering av den felles haldninga som vart vedteken 27. april 2006, og som seinare har vorte fornya med jamne mellomrom. Ho tredde i kraft den dagen ho vart vedteken og gjeld til 30. april 2011.
Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/232/FUSP: søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.
Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.
Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.