Historisk arkiv

Erklæring frå EU mot homofobi (17.05.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen mot homofobi 17. mai 2010.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen mot homofobi 17. mai 2010.

I samband med den internasjonale dagen mot homofobi stadfestar eg, på vegner av Den europeiske unionen, på nytt ikkje-diskrimineringsprinsippet om at menneskerettane gjeld likt for alle menneske uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Eg har sjølv vore sterkt engasjert for likeverd og sosial rettferd i mange år, særleg når det gjeld rettane til homofile.

EU avviser og fordømmer alle former for homofobi sidan dette fenomenet er eit klart angrep på menneskeverdet. EU meiner at diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet er i strid med dei grunnleggjande prinsippa organisasjonen byggjer på, og vil difor halde fram med å førebyggje og utrydde diskriminering ut frå dei seks grunnlaga som er nemnde i artikkel 10 og 19 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, deriblant seksuell orientering.

EU minner om at diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet òg er forbode i internasjonale menneskerettsdokument, som FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (artikkel 2, 16 og 17), FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (artikkel 2) og FN-konvensjonen om rettane til barnet (artikkel 2), som alle medlemsstatane i EU er part i.

EU er djupt uroa over brot på menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane på grunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet uansett kvar dei finn stad, og særleg over bruk av dødsstraff på dette grunnlaget, bruk av tortur eller andre former for grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, vilkårleg arrest eller internering, tap av forsamlingsfridomen og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, deriblant retten til helse.

Dette er ein integrert del av den felles utanriks- og tryggleikspolitikken i EU, og det er sett i verk fleire tiltak. Det er mellom anna oppretta ei spesialgruppe for rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) innanfor arbeidsgruppa i Rådet om menneskerettar (COHOM), og denne arbeidsgruppa skal vedta eit sett EU-instrument for LHBT-rettar.

EU oppmodar statane innstendig om å setje i verk alle nødvendige tiltak for å sikre at seksuell orientering og kjønnsidentitet ikkje under noko omstende kan danne grunnlaget for straffesaker, og at slike brot på menneskerettane må undersøkjast og dei skuldige gjerast ansvarlege og stillast for retten.

EU oppmodar statane innstendig om å sikre tilstrekkeleg vern av menneskerettsforsvararar og om å fjerne hindringar som gjer at dei ikkje får gjort jobben sin med spørsmål som gjeld menneskerettar, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

EU minner i denne samanhengen om at 67 statar frå ulike regionar fordømde overgrep på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet i erklæringa frå FNs generalforsamling om menneskerettar, seksuell orientering og kjønnsidentitet av 18. desember 2008. EU seier seg glad for at desse prinsippa får stadig breiare støtte i verda og oppmodar statane innstendig om å fortsetje å fremje desse prinsippa, slik det vart fastlagt på verdskongressen om menneskerettar, seksuell orientering og kjønnsidentitet 15. mars 2009.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.