Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea (170910)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 17. september til ei EU-erklæring om politiske fangar i Eritrea.

EU er framleis djupt uroa over at ei gruppe på elleve medlemer av Parlamentet og Folkefronten for demokrati og rettferd har sete fengsla sidan september 2001, saman med ti uavhengige journalistar. Vi veit svært lite om helsetilstanden deira. Dei vert haldne ulovleg internerte utan kontakt med omverda, og utan at dei har vorte sikta for noko brotsverk, heilt i strid med dei internasjonale forpliktingane til Eritrea på menneskerettsområdet.

EU er djupt uroa over ubekrefta rapportar den siste tida om at nokre av desse personane kan ha døydd i fengsel. Unionen oppmodar dei eritreiske styresmaktene om å offentleggjere all informasjon om kvar dei politiske fangane oppheld seg, og om å gje dei tilgang til familiane og advokatane sine.

EU oppmodar på det sterkaste om at desse fangane vert sette fri utan vilkår, saman med alle andre som er internerte fordi dei har sagt meininga si på fredeleg vis. EU seier seg vidare lei for at Eritrea stadig bryt forpliktingane sine både etter eritreisk og internasjonal lovgjeving, trass i ei rekkje appellar frå det internasjonale samfunnet.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

 

Erklæringa kan lesast her