Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssakar i Syria (27.07.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer på det sterkaste at Haitham Al Maleh og Muhannad Al Hassani, to syriske advokatar, begge er dømde til tre års fengsel på grunnlag av tiltalar som ser ut til å vere i strid med dei grunnleggjande rettane og fridomane deira.

EU fordømmer på det sterkaste at Haitham Al Maleh og Muhannad Al Hassani, to syriske advokatar, begge er dømde til tre års fengsel på grunnlag av tiltalar som ser ut til å vere i strid med dei grunnleggjande rettane og fridomane deira. 

EU beklagar òg på det sterkaste at den syriske forfattaren Ali Al Abdullah på nytt vart arrestert 17. juni, dagen etter at han vart sett fri frå fengsel etter å ha sona den førre dommen sin.  

EU er spesielt djupt uroa over situasjonen til Haitham Al Maleh på grunn av den dårlege helsa og høge alderen hans. 

EU oppmodar om at Al Maleh, Al Hassani og Al Abdullah straks vert sette fri. 

EU oppmodar den syriske regjeringa om å vurdere sakene til alle samvitsfangar på nytt, i samsvar med Syrias nasjonale forfatning og landets internasjonale forpliktingar, og straks frigje alle slike fangar.

EU meiner at desse dommane undergrev retten til ytringsfridom og forsamlingsfridom og oppmodar Syria om å stå ved dei internasjonale forpliktingane landet av eigen fri vilje har teke på seg, særleg verdserklæringa om menneskerettane og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som garanterer meinings- og ytringsfridom og retten til å få saka si prøvd i ein upartisk rettsprosess. 

EU minner òg om at Syria, i tråd med FN-erklæringa om rettar og ansvar for einskildmennesket, grupper og samfunnsorgan for å fremje og verne universelt godkjende menneskerettar og grunnleggjande fridomar, har eit hovudansvar og ei plikt til å verne om og fremje arbeidet til menneskerettsforkjemparar. 

EU understrekar på nytt at unionen vil verne om og støtte menneskerettsforkjemparar, i samsvar med EU-retningslinjene om menneskerettsforsvararar som Det europeiske rådet vedtok i juni 2004. 

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.