Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Liberia (02.06.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/129/FUSP om endring av felles haldning 2008/109/FUSP om restriktive tiltak mot Liberia.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/129/FUSP om endring av felles haldning 2008/109/FUSP om restriktive tiltak mot Liberia.

1. mars 2010 vedtok Rådet avgjerd 2010/129/FUSP (kunngjord 2. mars 2010 i Tidend for Den europeiske unionen nr. L 51 s. 23) om endring av dei gjeldande restriktive tiltaka på våpen mot Liberia for å gjennomføre resolusjon 1903 som vart vedteken av FNs tryggingsråd 17. desember 2009.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/129/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF)