Historisk arkiv

EU-erklæring om Ashraf-leiren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 14.04 til eniEU-erklæring om Ashraf-leiren i Irak.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om Ashraf-leiren (090411)

EU er djupt uroa over rapportar om maktbruk mot bebuarar i Ashraf-leiren i Irak, som har ført til at fleire vart drepne. EU beklagar at menneskeliv har gått tapt. FNs bistandssendelag for Irak har følgt situasjonen der nøye, og saman med FN har EU i lang tid og gjentekne gonger oppmoda den irakiske regjeringa om å avstå frå å bruke vald og om å respektere menneskerettane til bebuarane i leiren. Denne bodskapen vart gjenteken av EU-representantar måndag på eit møte med statsminister Nouri al-Maliki. EU oppmodar den irakiske regjeringa om å gje uavhengige internasjonale observatørar tilgang til Ashraf-leiren, slik at dei kan gje eit samla bilete av situasjonen.

Situasjonen i Ashraf-leiren stiller oss overfor krevjande utfordringar som det ikkje finst enkle svar på. EU er samd i at Iraks suverenitet skal respekterast på heile det irakiske territoriet, også i Ashraf-leiren, men maktbruk er ikkje noka løysing. Det er regjeringas ansvar å overhalde menneskerettane til dei som bur i landet. EU oppmodar òg alle partar om å vise atterhald og finne ei fredeleg og varig løysing på situasjonen.


Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.