Historisk arkiv

Erklæring frå EU om dødsstraff i Etiopia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 30. juni til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om dødsstraff i Etiopia.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve avgjerda frå den etiopiske presidenten om å oppretthalde moratoriet på dødsstraff (300611)

EU seier seg glad for at den etiopiske regjeringa har vedteke å oppretthalde det eksisterande moratoriet på avrettingar i samsvar med resolusjon 62/149, 63/138 og 65/206 frå FNs generalforsamling og å gjere om dødsdommane mot 23 Derg-tenestemenn som vart kunngjorde 1. juni. 

Dette viser at systemet for omgjering av dødsstraff er eit viktig aspekt ved rettsstaten i Etiopia, som vil bidra til at det etiopiske folket kan få avslutta ein av dei mørkaste periodane i nyare etiopisk historie.

EU er fast bestemt på å kjempe vidare for å få avskaffa dødsstraffa verda over. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.