Historisk arkiv

EU-erklæring om FN-rapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge slutta seg 13.05 til ei EU-erklæring om rapporten frå ekspertpanelet til FNs generalsekretær om ansvarleggjering på Sri Lanka

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om rapporten frå ekspertpanelet til FNs generalsekretær om ansvarleggjering på Sri Lanka (100511)

EU ser på utgjevinga av rapporten frå ekspertpanelet til FNs generalsekretær om ansvarleggjering på Sri Lanka som eit viktig steg vidare. Det vert mint om at EU med glede merkte seg at FNs generalsekretær oppretta panelet i juni 2010.

Panelet har konkludert med at det har kome fram truverdige påstandar om at alvorlege brot på internasjonale menneskerettar og den internasjonale humanitærretten har funne stad på alle sider i konflikten. EU gjentek sitt synspunkt om at ein uavhengig prosess der desse svært alvorlege påstandane vert granska, vil bidra til å styrkje forsoningsprosessen og sikre varig fred og tryggleik på Sri Lanka. Som det står i rapporten, må spørsmålet om ansvarleggjering sjåast som ein sentral del av den nasjonale forsoningsprosessen. EU håpar difor at regjeringa på Sri Lanka vil anerkjenne dei konstruktive måla i rapporten og oppfordrar til å ta kontakt med FNs generalsekretær om innhaldet.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.