Historisk arkiv

Erklæring frå EU om dødsstraff i USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 14. juli til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om avrettinga av Humberto Leal i Texas, USA.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Humberto Leal i Texas i USA 7. juli 2011 (120711)

Den europeiske unionen beklagar sterkt at Humberto Leal García vart avretta i delstaten Texas 7. juli 2011. Trass i at Humberto Leal var mexicansk statsborgar, informerte styresmaktene i Texas han ikkje om at han hadde rett til å kontakte eit mexicansk konsulat då han vart arrestert, slik det er fastsett i Wien-konvensjonen om konsulært samkvem. Avrettinga av Humberto Leal før han fekk tilgang til hjelpa han hadde rett til, er eit brot på ei uomstridd internasjonal plikt.

EU er klar over at det var eit grufullt brotsverk som låg til grunn for denne saka, og uttrykkjer si medkjensle overfor familien til offeret og andre etterlatne. Likevel er EU imot bruk av dødsstraff i alle saker og i alle samanhengar og oppmodar om eit globalt moratorium for avrettingar som eit første steg på vegen mot avskaffing av dødsstraff i alle land.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.