Historisk arkiv

Erklæring om dødsstraff i USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge sluttet seg 10.06 til en EU-erklæring om Troy Davis sin dødsstraff i staten Georgia i USA.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om dødsdommen mot Troy Davis (080611)

EU har følgt den seinaste utviklinga i saka til den amerikanske statsborgaren Troy Davis, som er dømd til døden i delstaten Georgia, med stor uro. Han risikerer no å bli avretta i nær framtid etter avgjerda frå USAs høgsterett 28. mars 2011 om å avvise den siste anken hans og kunngjeringa frå delstaten Georgia om at delstaten kjem til å byte til eit anna, lettare tilgjengeleg stoff i blandinga av tre legemiddel som vert brukt ved avrettingar.

EU har gjentekne gonger gripe inn på vegner av Troy Davis og merkjer seg at det framleis er alvorleg og overtydande tvil om han er skuldig. EU oppmodar difor om at dødsdommen mot han vert omgjord.

EU uttrykkjer på nytt sin prinsippfaste og mangeårige motstand mot dødsstraff under alle omstende.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Ukraina sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.