Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Somalia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 14. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om Somalia.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/635/FUSP om endring av avgjerd 2010/231/FUSP om restriktive tiltak mot Somalia (141011) 

26. september 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/635/FUSP1. Rådsavgjerda gjennomfører resolusjon 2002 (2011) frå FNs tryggingsråd, som utvida utpeikingskriteria som skal brukast av sanksjonskomiteen som vart oppretta i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 751 (2002) om Somalia, og inneheldt endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/635/FUSP: 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia. 

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. 

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

----------- 

1 Kunngjord 27.9.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 249, s. 13.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.