Historisk arkiv

Norge slutta seg til EU-sanksjoner mot Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 13.05 til eit vedtak om restriktive tiltak mot Syria og mot personar som er ansvarlege for dei valdelege angrepa på sivilbefolkninga i Syria.

EU har vedteke å innføre restriktive tiltak mot Syria og mot personar som er ansvarlege for dei valdelege angrepa på sivilbefolkninga i Syria.

Desse tiltaka omfattar ein embargo på våpen og utstyr som kan brukast til intern undertrykking, i tillegg til frysing av aktiva og eit reiseforbod som gjeld ei liste på 13 personar.

EU-tiltaka kjem som eit svar på eskaleringa av den valdelege undertrykkinga frå syriske styresmakter, mellom anna ved hjelp av dei militære, som har ført til at syriske borgarar har vorte drepne, skadde eller arresterte for å ha delteke i fredelege protestar. Dette er openbert ikkje i samsvar med dei universelle prinsippa om respekt for menneskerettane og grunnleggjande fridomar.

Føremålet med desse tiltaka er å få dei syriske leiarane til å endre politikk med det same. EU oppmodar Syria om straks å stanse valden og raskt innføre reelle og omfattande politiske reformer, ettersom dette er den einaste måten å skape langsiktig fred og stabilitet i Syria på. Dersom dette ikkje skjer, vil EU vurdere å utvide dei restriktive tiltaka i lys av utviklinga, også på høgaste nivå i leiinga.

EU oppmodar på nytt president Bashar Al-Assad om å velje reformer og ein nasjonal inkluderande dialog og om å unngå ytterlegare blodspille medan døra framleis står open.

Utanriksministrane i EU vil på nytt drøfte situasjonen i Syria på eit møte seinare denne månaden.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.