Historisk arkiv

EU-sanksjoner mot Iran

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 7. juni til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot Iran.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/299/FUSP om endring av avgjerd 2010/413/FUSP om restriktive tiltak mot Iran (090611)

23. mai 2011vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/299/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/413/FUSP og opphever reiserestriksjonane for éin person.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/299/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 24.5.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 136, s. 66.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.