Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om dei endelege resultata av folkeavrøystinga om sjølvstyre i Sør-Sudan (07.02.11)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Dette er ei historisk tid for Sudan. Den europeiske unionen (EU) rosar folket i Sør-Sudan og dei sudanske partane i den samla fredsavtalen (CPA) for at folkeavrøystinga om sjølvstyre i Sør-Sudan gjekk føre seg på fredeleg og truverdig vis.

Dette er ei historisk tid for Sudan. Den europeiske unionen (EU) rosar folket i Sør-Sudan og dei sudanske partane i den samla fredsavtalen (CPA) for at folkeavrøystinga om sjølvstyre i Sør-Sudan gjekk føre seg på fredeleg og truverdig vis.

Trass i mange hindringar klarte dei sudanske styresmaktene med ansvar for folkeavrøystinga å halde ei avrøysting på truverdig vis og til rett tid, slik valobservatørsendelaget frå EU kunne slå fast. Eit overveldande fleirtal av dei registrerte veljarane tok del og uttrykte klårt og tydeleg at dei var fast bestemde på å opprette ein sjølvstendig stat. EU respekterer resultatet av folkeavrøystinga fullt ut som eit sant bilete av dei demokratisk uttrykte ønska til folket i Sør-Sudan. EU ser fram til å vidareutvikle ein nær og langsiktig partnarskap med Sør-Sudan, som skal bli ein ny stat når CPA-avtalen går ut i juli 2011.

EU seier seg glad for at regjeringa i Sudan har forplikta seg til å respektere utfallet av folkeavrøystinga. I dei komande månadene vil EU halde fram med å støtte arbeidet til partane for å verte samde om alle uløyste CPA-problem og dei sentrale ordningane etter folkeavrøystinga som skal liggje til grunn for dei langsiktige relasjonane mellom nord og sør.

EU er fast bestemt på å få med seg både Nord- og Sør-Sudan i arbeidet for å fremje demokratisk styring, respekt for menneskerettane og ei framtid i fred og velstand for alle som bur i Sudan. I denne samanhangen vil EU trappe opp dialogen med både nord og sør og står klar til å ta sin del av ansvaret for å støtte opp om utviklinga av to levedyktige statar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Armenia, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.