Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 24. august til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om EU-tiltak i Syria.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om EU-tiltak etter at den valdelege undertrykkinga i Syria er eskalert (180811)

EU fordømmer på det sterkaste den brutale kampanjen Bashar al-Assad og regimet hans har gjennomført mot sitt eige folk. Dei siste vekene har leiinga i Syria auka den valdelege undertrykkinga av fredelege demonstrantar og sett inn militære styrker i stor skala i byane Hama, Deir al-Zour og Latakia. Dette har ført til at mange syriske borgarar har vorte drepne eller skadde. Det vart rapportert om endå fleire drepne og nye flyktningar etter at den palestinske leiren al-Ramal var angripen. Denne utviklinga er uakseptabel og uhaldbar.

EU har gjentekne gonger understreka at den brutale undertrykkinga må stansast, arresterte demonstrantar må setjast fri, internasjonale humanitære organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar og media må få fri tilgang og ein ekte og inkluderande nasjonal dialog setjast i gang. Men den syriske leiinga har nekta å høyre på oppmodingar frå EU og det internasjonale samfunnet, nabolanda inkludert. Dette viser at det syriske regimet ikkje er villig til å endre seg. Løfta frå presidenten om reformer har mista alt truverde sidan reformer ikkje kan lukkast under konstant undertrykking. EU merkjer seg at Bashar al-Assad har mista all legitimitet hos det syriske folket, og at han må gå av.

Samtidig gjennomfører EU ytterlegare tiltak. Vi har teke kontakt med samarbeidspartnarane våre i regionen og oppmoda om ein spesialsesjon i FNs menneskerettsråd. Vi førebur å få lagt til fleire namn på lista over dei som er omfatta av EUs restriktive tiltak. I tillegg går EU vidare med ein diskusjon om fleire restriktive tiltak som vil utvide sanksjonane mot det syriske regimet. Gjennom dette arbeidet held vi fram med å støtte det syriske folket i kampen for å få oppfylt dei legitime ønska sine.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.