Historisk arkiv

EU-erklæring om sanksjoner mot Hviterussland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

21. mars sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om sanksjoner mot Hviterussland.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2012/126/FUSP som gjennomfører avgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot Kviterussland (270311)

Den 28. februar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/126/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg III A og vedlegg V til avgjerd 2010/639/FUSP.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 29.2.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 55, s. 19.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.