Historisk arkiv

EU-erklæring om sanksjoner mot Nord-Korea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

13. februar sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om sanksjoner mot Nord-Korea.

13. februar slutta Noreg seg til ei EU-erklæring om Nord-Korea.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/860/FUSP om endring av avgjerd 2010/800/FUSP om restriktive tiltak mot Den demokratiske folkerepublikken Korea (280212)

Den 19. desember 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/860/FUSP . Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II og III til avgjerd 2010/800/FUSP.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 21.12.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 338, s. 56.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.