Tiltak i barnevernet for ungdom over 18 år

Føremålet med å gi etterverntiltak for personar i aldersgruppa 18–25 år, er at ungdommane skal få naudsynt hjelp og støtte i overgangsfasen til sjølvstendige liv som vaksne.

Frå 1. januar 2021 er aldersgrensa for rett til ettervern utvida frå 23 til 25 år. 

Ifølgje barnevernlova § 1–3 kan tiltak som er sett i verk før barnet har fylt 18 år, oppretthaldast eller erstattast av andre tiltak til barnet har fylt 25 år, dersom den unge seier seg einig. Barnevernstenesta skal grunngi dersom den ikkje gir tilbod om ettervern til ein ungdom.

Barnevernstenesta skal, i god tid før ungdomen fyller 18 år og i samarbeid med ungdomen, utarbeide ein tiltaksplan for vedkomande. Dersom ungdommen takkar nei til etterverntiltak, bør barneverntenesta spørje om han eller ho har ombestemt seg innan eitt år. 

Ungdomen kan klage til Statsforvalteren dersom dei ikkje får den hjelpa dei ynskjer. Kommunane har plikt til å gjere merksam på klageretten dersom det blir gitt avslag på søknad om tiltak.

Det følgjer av barnevernlova § 1–3 at opphør av tiltak ved fylte 18 år og avslag på søknad om tiltak etter fylte 18 år, skal reknast som einskildvedtak, og skal grunngivast ut frå omsynet til barnet sitt beste.

Føremålet med endringa er å understreke at hovudregelen og utgangspunktet er at tiltak skal vidareførast etter at ungdom fyller 18 år. Endringa skal sikre at det alltid blir gjort ei grundig vurdering av om ein ungdom skal ha ettervern og kva det skal innebere.

Alle typar tiltak etter barnevernlova kan oppretthaldast som eit ettervern, inkludert plasseringar utanfor heimen. Nye tiltak kan også settast i verk.