Kulturminne og kulturmiljø

Eit kulturminne er spora etter menneska som har levd før oss, deira liv og virke. Omgrepet kulturarv blir ofte nytta for både immaterielle og materielle kulturminne.

Eit kulturmiljø er eit område der fleire kulturminne inngår i ein større samanheng, som eit område i ein by, ein setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar, infrastruktur og bustader.

Også naturelement med kulturhistorisk verdi kan vere ein del av eit kulturmiljø.

Samanhengen mellom naturen og kulturen

Det har levd menneske i det vi i dag kallar Noreg i meir enn tolv tusen år. Dei har budd her og brukt naturen rundt seg, blant anna til å skaffe seg mat og materiale. Dette har sett sine spor i landskapet og har gjeve oss eit mangfald av ulike typar landskap.

Vegetasjon, steingjerde, vegfâar, bruer, stiar, bygningar og utmark er alle element som kan hjelpe oss til betre å forstå korleis generasjonane før oss har levd i, brukt og omskapa naturen til eit levande kulturlandskap.

Klima- og miljødepartementet har ansvar for forvaltinga av både kulturminna og naturressursane. Det gjev oss ein eineståande mogelegheit til å forvalte kulturminna som ein del av ein heilskapeleg miljø- og ressursforvalting.

I løpet av 1970- og 1980-åra blei perspektiva i kulturminnepolitikken endra og merksemda blei i større grad retta mot å sjå samanhengen kulturminna inngår i. Frå å fokusere på enkeltobjekta, blei merksemda no i større grad retta mot samanhengen mellom kulturminna og heilskapen dei er ein del av.

Forstå fortida

Kulturminna og kulturmiljøa våre kan fortelje oss historier om korleis menneska før oss har levd og verka, korleis dei har tilpassa seg naturen. På den måten blir dei uerstattelege kjelder som vi i dag kan bruke for å tileigne oss kunnskap om fortida, men også som grunnlag for nye opplevingar.

Ofte er kulturminna dei einaste kjeldene vi har som kan gje oss kunnskap om fortida.

Kulturminna er ikkje einsarta, tvert i mot er det stor variasjon mellom dei. Dei kulturminna vi tek vare på, skal syne oss heilskapen, både i tid og rom.

Dei kulturminna som er frå før 1537, og dei samiske kulturminna som er meir enn hundre år gamle, er automatisk freda. Det vil seie at det ikkje er lov å skade, øydeleggje eller skjemme dei. Andre kulturminne kan fredast gjennom særskilde vedtak.

Planleggje for framtida

Kulturminna representerer ikkje berre fortida, men på eit vis også framtida. Om vi utnyttar dei riktig, kan dei utgjere ein ressurs, mellom anna i den framtidige utviklinga av byane våre. På den måten kan vi ta med oss det beste av det historiske og det eksisterande inn i framtida.

Kva for kulturminne vi ønskjer å ta vare på for framtida, og korleis vi skal ta vare på dei, er ein viktig del av kulturminnepolitikken. Ikkje alle kulturminna er like viktige. På same måte som for så mykje anna, må man også på kulturminneområdet prioritere. Det er ikkje mogeleg eller ønskjeleg å ta vare på alt.

Kulturminne og kulturmiljø i det fleirkulturelle Noreg

Til alle tider har folk flytta inn og ut av området som i dag utgjer Noreg. Dette speglar seg også i kulturarven. Det har sett og set sitt preg på samfunnet, både når det gjeld språk, tradisjonar og skikkar, men også i form av fysiske spor – kulturminne.

I dagens Noreg ser vi eit langt større mangfald, både kulturelt, religiøst og verdimessig enn vi har gjort tidlegare. Vi må skilje mellom innvandrarane som har kome til Noreg dei siste 40-50 åra og dei innvandrarane som kom for fleire hundre år sidan, og som i dag utgjer dei fem nasjonale minoritetane – jødane, kvenane, rom, romani og skogfinnane. Dei må ikkje forvekslast med samane, som har status som urfolk.

Samfunnet må ta vare på kulturminna etter alle disse gruppene, enten det dreiar seg om samane, dei nasjonale minoritetane eller dei nyare innvandringsgruppene. Ofte vil forvaltninga av kulturminna til disse gruppene dreie seg om å dokumentere og formidle kulturarven, i tillegg til å ta vare på de fysiske spora. Slike kulturminne kan også dreie seg om stader knytte til hendingar, tradisjon eller tru.

Samane, dei nasjonale minoritetane og dei nye innvandringsgruppene er forskjellige, og dei har alle ulike behov og ønskjer knytt til det å ta vare på sin eigen kulturarv. Det er derfor viktig for kulturminneforvaltninga å samarbeide med dei enkelte gruppene slik at vi saman kan sikre deira kulturarv.