Trua natur

Aldri før har vi på globalt nivå endra og påverka naturen så mykje som dei siste femti åra. Ei rekkje artar og naturtypar er trua av utrydding – både globalt og i Noreg. Det betyr at dei har høg risiko for å døy ut.

Fjellrev
Fjellreven er ein prioritert art i Noreg. Ved å prioritere ein art blir det fastsett forbod mot alt av uttak, skade eller øydelegging av arten. Foto: Snorre Henriksen/Artsdatabanken

Dei viktigaste årsakene til at artar blir trua, er at leveområda deira blir øydelagde, endra eller fragmenterte så mykje at artane ikkje lenger kan leve der. Andre viktige påverknader er forureining, for mykje hausting og spreiing av framande skadelege organismar. Klimaendringane vil framover bli ein aukande trussel for mange artar.

Dei ulike naturtypane er utsette for ulike påverknader frå menneskeleg aktivitet. Skogsdrift, jordbruksdrift, drenering, utfylling, og utbygging er døme på slike aktivitetar. I dag er òg fråver av jordbruksdrift eller skjøtsel ein viktig årsak til endringar i naturtypar og artane som lever der. Klimaendringar er også ein trussel som endrar naturtypane, og som kan føre til alvorlege endringar i økosystema.

Kor mange artar og naturtypar er trua?

I Noreg kjenner vi i dag til om lag 40.000 artar, men truleg finst det så mange som 60.000 artar i landet. Om lag 2800 artar er trua. Dei fleste er insekt, sopp, lav og karplanter, men vi finn òg pattedyr og fuglar på lista. Fjellrev, lomvi og hubro er døme på slike. Dei fleste trua artane lever i skogen, i kulturlandskap eller i fjell. Nokre finst i våtmark og i marine område.

Vi har 74 trua naturtypar i Noreg av totalt 258 naturtypar som er vurderte. Døme på slike trua naturtypar er atlantisk høgmyr, slåttemark og kalkedellauvskog. Nokre naturtypar er særskilt viktige for det biologiske mangfaldet. Det betyr at dei kan vere spesielt artsrike, er levestad for trua artar eller har ein spesiell funksjon for einskilde artar.

Trua artar og naturtypar går fram av Norsk raudliste for artar og Norsk raudliste for naturtypar. Den naturen vi kallar for "trua" har tre kategoriar i raudlista: kritisk trua, sterkt trua og sårbar.

Korleis kan vi ta vare på den trua naturen?

Det er eit nasjonalt mål i Noreg at ingen artar eller naturtypar skal utryddast. Vidare heiter det at utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast.

Påverknad frå menneske på naturen skal med andre ord ikkje føre til at artar og naturtypar blir borte. Mange av dei trua artane og naturtypane treng derfor at vi set inn tiltak for at dei ikkje skal bli utrydda.

Våren 2021 blei fleire departement samde om ein eigen oppfølgingsplan med tiltak for 23 artar og 12 naturtypar som ein finn i raudlistene, med mål om å oppnå ein betre status på raudlistene innan 2035. Tiltaka i planen famnar breitt, og inneheld fleire ulike verkemiddel.

Vern av natur er eit viktig verkemiddel for å ta vare på trua natur. Mellom anna er frivillig skogvern viktig for å ta vare på mange trua artar og naturtypar i skog.

I ein del tilfelle trengst aktive tiltak for å redde arten eller naturtypen. Det kan til dømes vere avl og utsetjing, merking, beiting, fjerning av framande skadelege organismar, restaurering av natur, skjøtsel eller slått. Det finst eigne tilskotsordningar der til dømes kommunar, privatpersonar, organisasjonar og andre kan søke om tilskot for å ta vare på dei trua artane og naturtypane. Slike tiltak kan vere å gjerde inn område, fjerne vegetasjon eller framande treslag eller restaurere etter naturinngrep. Slått av slåttemark er døme på eit mykje brukt skjøtselstiltak.

Dersom arten eller naturtypen finst i eit område som ikkje har eigne reglar, må ein prøve å unngå øydelegging av leveområda gjennom arealplanlegging og bruk som best mogleg tar omsyn til arten eller naturtypen.

Eit døme på reglar for å ta vare på ein særskild art, er reglar om prioriterte artar. Med slike reglar får kvar art si eiga forskrift med eigne reglar.

Utvalde naturtypar er eit anna verkemiddel som kan vere viktig for å ta vare på trua natur. Her får visse naturtypar eit sett reglar som krev særskilde vurderingar og omsyn i saker der ein slik naturtype blir påverka. Desse reglane er ikkje så strenge som reglar om prioriterte artar og områdevern.

Prioriterte artar

Ved å prioritere ein art blir det fastsett forbod mot alt av uttak, skade eller øydelegging av arten. Ein art kan også prioriterast dersom det følgjer av internasjonale avtalar, eller om Noreg har ansvar for ein art som finst i Noreg, men som det er få av i Europa eller resten av verda. Om det er naudsynt, vert det laga reglar for kva som er lov og ikkje i dei viktigaste leveområda til arten (til dømes hekkeområde, kalvingsområde, osv.), såkalla økologiske funksjonsområde. Det kan òg vere reglar om skjøtsel eller andre naudsynte tiltak, til dømes slått for å hindre gjengroing, hogst for å gi nok lys til arten, eller fjerning av skadelege framande artar.

Det er regjeringa som avgjer om ein art skal bli prioritert. Det er normalt statsforvaltaren som forvaltar prioriterte artar. 14 artar har i dag status som prioritert art:

  • fuglane dverggås og svarthalespove (underarten islandicai Nord-Norge)
  • insekta elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge
  • plantene dragehode, honningblom, raud skogfrue, dvergålegras, svartkurle, skredmjelt og trøndertorvmose
  • elfenbenslav
  • fjellrev

Reglane om prioriterte artar følgjer av naturmangfoldloven lovkapittel III (§§ 23 og 24) og er nærare omtalt i kapittel 9 og kapittel 21 i lovproposisjonen.

Utvalde naturtypar

Utvalde naturtypar er reglar om berekraftig bruk.  At ein naturtype blir utvald, inneber at alle skal ta særskilde omsyn til den når dei brukar naturen, driv med arealplanlegging eller anna forvaltning. Reglane inneber ikkje vern. I einskilde tilfelle kan derfor andre omsyn bli prioritert slik at enkelte førekomstar kan bli øydelagd.

Det kan være fleire årsaker til at ein naturtype bør få status som utvald. Mellom anna kan det vere at han er trua eller har hatt stor tilbakegang, at Noreg har ein stor del av naturtypen, at det følgjer av internasjonale avtalar eller at han er levestad for trua artar. Det er regjeringa som  avgjer om ein naturtype skal bli ein utvald naturtype. Miljødirektoratet lagar handlingsplanar for utvalde naturtypar. Ein slik handlingsplan inneheld tiltak for å ta vare på trua og utvalde naturtypar. 

Åtte naturtypar har i dag status som utvalde naturtypar:

  • slåttemark
  • slåttemyr
  • kalksjø
  • kalklindeskog
  • hule eiker
  • kystlynghei
  • olivinskog
  • open grunnlendt kalkmark

Reglane om utvalde naturtypar følgjer av naturmangfoldloven lovkapittel VI (§§ 52-56) og er nærare omtalt i kapittel 13 og kapittel 21 lovproposisjonen.