Verdien av naturgoder

Alt frå den levande naturen som bidrar til menneskeleg velferd kallast naturgode, eller økosystemtenester. Naturgode er alt frå sopp og bær, til fotosyntese og flaumdemping, og naturopplevingar.

Vi er avhengige av naturen

Mennesket er avhengig av naturen. Ein skog, ei elv, eit fjell eller ei myr er leveområde for plantar og dyr. Skogen og myra lagrar karbon og reinsar vatn og luft.

Økosystema er grunnlaget for produksjon av mat, medisinar og materiale. Revebjølle har gitt oss hjartemedisin, og opiumsvalmuen har gitt oss morfin.

Naturen gir oss opplevingar som er viktige for helse og trivsel.

Plantar som er viktige for oss, som jordbær, kakao og kaffi, er heilt avhengige av pollinering. Forsvinn den naturlege pollineringa, som mellom anna bier og insekt gjer, er heile livsgrunnlaget vårt trua. Då må vi menneske gjere pollineringsarbeidet sjølve!

Alt frå den levande naturen som bidrar til menneskeleg velferd kallast naturgode, eller økosystemtenester. Naturgode er alt frå sopp og bær, til fotosyntese og flaumdemping, og naturopplevingar. Naturen har uendeleg stor verdi for oss menneske.

Vi påverkar naturen

Mennesket er ein del av naturen, og vi påverkar han. Vi finn spor etter menneskelege aktivitetar nesten overalt i Noreg.

I kulturlandskapet finn vi artar og naturtypar som er avhengig av skjøtsel som slått eller beite. Andre aktivitetar påverkar naturen negativt.

Det som påverkar naturen mest er endringar i areal, at vi haustar for mykje, forureining, klimaendringar og framande organismar.

Vi må syte for at bruk av naturen skjer innanfor tolegrensene. Fordi det kan sjå ut som at naturen er gratis eller billig å utnytte, bruker vi for mykje av han. Det kan føre til at naturen blir øydelagd og at vi mistar viktige naturgode.

Sjølv om noko ikkje har ein prislapp, kan det likevel ha høg verdi. Dersom vi øydelegg økosystema, slik at våtmarker ikkje lengre dempar flaumar, at skogen ikkje gir leverom for artar, eller at det blir færre bier som pollinerer, gir dette eit velferdstap.

Naturen har enorm verdi

Verdien av dei tenestene naturen yter er altså enorm, men kan like fullt vere vanskeleg å fatte. Ei samanlikning kan vere at ein ikkje tenker over verdien av ein velfungerande kropp før til dømes ei nyre blir øydelagt. Først då reflekterer ein over kva for ein viktig funksjon, eller verdi, nyra hadde.

På same måte er det med velfungerande økosystem. Vi reflekterer sjeldan over kva verdi naturen har for oss før økosystema ikkje lenger er i stand til å levere dei livsviktige økosystemtenestene.

Økosystemtenester er eit omgrep eller eit verktøy for å synleggjere og gjere befolkninga meir medvitne om korleis naturen bidrar direkte til vår velferd.

Når vi veit at naturen bidrar med grunnleggande og uerstattelege gode, er det lettare å forstå kvifor vi treng å utnytte og forvalte han berekraftig,  slik at økosystema vil kunne halde fram med å levere livsviktige tenester i framtida òg.

Kva gjer vi i Noreg?

Dei siste åra har det blitt gjort mykje, både nasjonalt og internasjonalt, for å synleggjere verdien av naturgode.

Stortingsmeldinga slår fast at vi skal sikre ein berekraftig bruk av norske økosystem, slik at vi ikkje misser økosystemtenestene naturen gir oss. Samstundes skal vi ta vare på dei artane og naturtypane som er trua, og sikre at eit representativt utval av norsk natur blir tatt vare på for framtidige generasjonar. 

I 2018 kom utgreiinga om verdien av økosystemtenester frå våtmark. Rapporten beskriv korleis samfunnsutviklinga og befolkningas helse og velferd heng saman med våtmarkene og deira økosystemtenester. Ekspertar har forsøkt å verdsette nokre av desse tenestene i kroner.

Ekspertutvalet for økosystemtenester (NOU 2013:10) meinte at verdien av naturgode må synleggjerast betre. Då må det utviklast metodar for å skildre og verdsetje desse tenestene.

FNs statistikkbyrå har utvikla ein metode for å lage naturrekneskap som kan koplast til nasjonalrekneskapen. Metoden er ikkje ferdig når det gjeld økonomisk verdsetjing, men delane om rekneskap over naturareal, tilstand og økosystemtenester er no ein internasjonal standard.

Det kan vere effektivt å gi økonomiske insentiv for å ta vare på natur, slik at vi når miljømål. Det finst i dag tilskotsordningar for å ta vare på natur.

I Noreg er frivillig skogvern og ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket døme på verkemiddel som mellom anna skal bidra til å stanse tapet av biologisk mangfald. Då betalar staten grunneigarane anten for at eit område blir verna, eller for ein bestemt type skjøtsel og vedlikehald.

Eit internasjonalt døme er det norske klima- og skogprosjektet, der Noreg gjer avtaler med styresmakter og sivile aktørar i store regnskogland om betaling viss dei kan dokumentere redusert avskoging og reduserte karbonutslepp frå øydelegging av skog..

NOU-en om økosystemtenester foreslo òg ei rekke økonomiske verkemiddel for å ta vare på natur. Grøn skattekommisjon har diskutert nokre av desse tilrådingane.