Uføretrygd

Uføretrygd frå folketrygda skal sikre inntekt for personar som har fått si inntektsevne varig nedsett grunna sjukdom, skade eller lyte.

Bilde av hverdagsliv i Oslo, personer som går på fortauet i retning Stortinget
Foto: Colourbox

Kven får uføretrygd?

Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått si inntektsevne varig nedsett med minst 50 prosent på grunn av sjukdom og/eller skade. Dersom ein mottek arbeidsavklaringspengar når ein søkjer om uføretrygd, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er varig nedsett med minst 40 prosent. Det er mellom anna eit vilkår at ein har gjennomført tenleg behandling og tenlege arbeidsretta tiltak utan at inntektsevna er betra.

I tillegg til uføretrygd frå folketrygda kan ein har rett til uføreyting frå tenestepensjonsordningar.

Utrekningsgrunnlag

Uføretrygda blir utrekna på grunnlag av gjennomsnittleg inntekt dei tre beste av dei fem siste åra før personen vart ufør. Uføretrygda utgjer 66 prosent av grunnlaget og blir skattlagd som lønn. 

Lett å kombinere trygd og arbeid

Uføretrygda er enkel og trygg å kombinere med arbeid: Ein kan enkelt melde i frå til NAV kor mykje ein tror ein vil tene. Det er først når ein kjem over ei fastsett inntektsgrense at uføretrygda vert redusert fortløpande. Ein får inga endring i uføregraden dersom ein tener meir enn inntektsgrensa.  

Meir om uføretrygd

Du finn meir informasjon om på NAVs nettsider.

Relevant regelverk