Historisk arkiv

Samferdselsministeren om arbeidet med ny Nasjonal transportplan:

- Godt transporttilbod for folk og næringsliv i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi er inne i eit taktskifte for norsk samferdsel. Folk merkar forskjell! Vi rustar opp vegane og byggjer nye. Vi fornyar jernbanen og byggjer nye spor, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med ei utgreiing om ny Nasjonal transportplan som ho fekk overlevert i dag.

- Vi er inne i eit taktskifte for norsk samferdsel. Folk merkar forskjell! Vi rustar opp vegane og byggjer nye. Vi fornyar jernbanen og byggjer nye spor. Regjeringa vil sikra eit godt transporttilbod for folk og næringsliv i heile landet.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med ei utgreiing som Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS la fram i dag.

RapportArbeidet med ny NTP

Utgreiinga er ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med ei stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023,  ei melding som skal leggjast fram våren 2013.

- Utgreiinga får mellom anna tydeleg fram dei store utfordringane som befolknings- og trafikkveksten skaper i storbyområda. Her kan vi ikkje ”vegbyggja” oss ut av problema.  Her er det avgjerande at vi styrkjer kollektivtransporten, får til betre tilrettelegging for syklistar og gåande og andre tiltak om reduserer behovet for personbiltrafikk. Samstundes må vi dempa det presset folk i mange byområde no opplever ved også å syta for betre vegar i distrikta, seier samferdselsministeren.

Open prosess og dialog

- I det vidare arbeidet med ny Nasjonal transportplan ønskjer eg ein open prosess og ein god politisk dialog, slik at avgjersler og løysingar blir så godt forankra som mogleg, særleg på regionalt og lokalt hald. Arbeidet skal skje med god kontakt mellom Samferdsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Avinor AS, dei statlege transportetatane og andre statlege og lokale styresmakter.

- Eg vil òg leggja godt til rette for innspel frå næringslivet og brukar- og interesseorganisasjonar, seier samferdselsministeren.

Les hovedrapporten - sjå også: Delrapportar på transportetatanes nettside 

Meir om Nasjonal transportplan 

Pressekonferansen i opptak (Nett-TV)

Overlevering av NTP-rapport

Fire transportetater står bak rapporten som i dag ble overlevert fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Fra venstre Kystverket ved kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, Avinor ved konserndirektør Jon Sjølander, Jernbaneverket ved jernbanedirektør Elisabeth Enger og Statens vegvesen ved vegdirektør Terje Moe Gustavsen. (Foto: Vegen og vi/Håkon Aurlien)