Historisk arkiv

Regjeringas tiltakspakke 2009

3,65 milliardar kroner meir til å ruste opp veg og jernbane i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa foreslår å bruke 3,65 milliardar kroner til utbetring og fornying av veg og jernbane. Dette vil sikre at fleire hender og maskiner raskt kjem i arbeid. Samstundes får vi rusta opp veg og jernbane for å få tryggare, meir miljøvenleg og meir effektiv transport for folk og næringsliv i heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa foreslår å bruke 3,65 milliardar kroner til utbetring og fornying av veg og jernbane.  Tiltaka innan samferdsel vil sikre at  fleire hender og maskiner raskt kjem i arbeid. Samstundes får vi rusta opp veg og jernbane for å få tryggare, meir miljøvenleg og meir effektiv transport for folk og næringsliv i heile landet.
 
- Regjeringa tek no nok eit stort løft for å få betre veg og jernbane og for meir miljøvenleg transport som til dømes elbil. Desse nye løyvingane må sjåast i samanheng med at det i budsjettet for 2009 kom ei auke på 3,2 milliardar kroner til samferdselsformål som òg vil gi stor aktivitet i anleggsbransjen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
 

Den føreslåtte tilleggsløyvinga til samferdselsføremål er fordelt med 2,3 milliardar kroner til vegformål, 1,3 milliardar kroner til tiltak innanfor jernbanesektoren og 50 millionar kroner til ladestasjonar for elbil.

Vegløyvingar – aukar med 2,3 milliardar kroner

Av den føreslåtte auken på 2,3 milliardar kroner til Statens vegvesen skal 810 millionar kroner gå til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, 1,43 milliardar kroner til riksveginvesteringar og 60 millionar kroner til særlege rassikringstiltak. 

Utbygging, drift og vedlikehald av jernbanenettet – aukar med 1,3 milliardar kroner

Den føreslåtte auken på 1,3 milliardar kroner til Jernbaneverket er fordelt med 818 millionar kroner til drift og vedlikehald, og 483 millionar kroner til investeringstiltak.
 
Midlane til drift og vedlikehald skal for ein stor del gå til arbeid med fornying og opprusting av fleire banestrekningar. Arbeidet omfattar mellom anna utskifting av sviller og skinner og utbetring av kontaktleidningsanlegg.
 
Investeringsløyvinga på 483 millionar kroner omfattar mellom anna framskunding av planlegging og utbygging av fleire større prosjekt i jernbanenettet. Det er elles sett av midlar til betre publikumsinformasjon og til arbeid for å gjere stasjonar og stoppestader meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande.  

50 millionar kroner til ladestasjonar for elbilar

Regjeringa går inn for å løyve 50 millionar kroner til utbygging av ladestasjonar og infrastruktur for elbilar og bilar av typen ”plug-in-hybrid”. Samferdselsdepartementet legg til grunn at kvar ladeplass vil koste om lag 10 000 kroner, slik at ein vil kunne byggje 5 000 ladeplassar. Ordninga skal administrerast av miljøsatsinga Transnova.

 

Andre pressemeldingar frå Samferdselsdepartementet om Tiltakspakke 2009: