Historisk arkiv

90 millionar kroner til utvikling av ny kunnskap og teknologi for auka konkurranseevne i matsektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ny kunnskap og teknologiutvikling speler ein viktig rolle for auka effektivitet og konkurransekraft i heile landbruks- og matsektoren. I den samanheng er det nyleg innvilga 90 millionar kroner til næringsstyrte forskings- og innovasjonsprosjekt retta mot jordbruket og matindustrien.

– Kontinuerleg forskingsinnsats over generasjonar og mykje ny kunnskap frå sektoren sine forskingsmiljø har vore ein viktig bidragsytar til at norsk landbruk kan vise til høg vekst i produktiviteten. Dette er ei utvikling som vi ynskjer skal fortsette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Landbruket har fleire ordningar som skal utvikle ny kunnskap og teknologi til sektoren. Dei viktigaste er forskingsprogrammet Bionær i Noregs forskingsråd, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og ordning med forskingsmiddel over Jordbruksavtalen. Disse tre ordningane har nyleg innvilga til saman 90 millionar kr over fire år til 15 innovasjonsprosjekt i næringslivet. Prosjekta eiges av verksemda og gjennomførast saman med ulike forskingsmiljø. 

– Eg forventar at forskingsmiljøa i sektoren prioriterer å støtte opp under landbruksnæringa sine kunnskapsbehov i arbeidet med å auke verdiskapinga i sektoren. Disse 15 prosjekta er eit godt døme på det, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Vidare ynskjer eg at forskingsmiljøa raskt og effektiv formidlar ny kunnskap til dei som treng den. Kunnskap som ikkje vert delt er bortkasta ressursar, seier Dale. 

Auka norsk produksjon av frukt og grønt

Fleire av dei 15 næringsretta prosjekta er innan frukt og grønt og har som overordna mål å auke produksjonen og dermed dekninga i marknaden. Verksemda Gether AS tar sikte på å vidareutvikle meir energieffektive veksthus og betre veksten hos plantene. Guren Gartneri AS i Østfold står ansvarleg for eit prosjekt om effektiv biologisk bekjemping av skadedyr i grønsaker, krydderurter og bær i veksthus og plasttunellar. Dei skal utvikle meir kunnskap om korleis UVB-lyset påverkar skade- og nyttedyra. 

Fryste norske grønsaker er ein god erstatning for friske grønsaker i vinterhalvåret. Findus leier eit prosjekt der siktemålet er å utvide sortimentet, vidareutvikle metodikk for innfrysing og dokumentere næringsinnhald og produktkvalitet. Landbruksrådgjevinga Agder skal leie eit prosjekt om å optimere bruk av plantevernmiddel i norsk bærproduksjon. Rogaland fruktdyrkarlag skal arbeide med presisjonsstyring av vatn- og næringstilførsel i epleproduksjonen. 

Grøntnæringa estimerer at svinn av rotgrønsaker under lagring er på heile 30 prosent. Hovudmålet i eit prosjekt i regi av Toten Kålrotpakkeri AS er å redusere svinn av kålrot, gulrot og sellerirot med 10 prosent. Dette skal nås gjennom betre kvalitet og auka kunnskap om lagring og om samspel mellom teknikk og biologi. 

Avansert avlsarbeid og planteforedling

Noreg har konkurransefortrinn gjennom avlsarbeid innan storfe, som er i verdsklasse. Utvikling av enda betre avlsmetodar skal bidra til at kua sin helse og produksjon forbetrar seg ytterlegare. Geno AS arbeider med å implementere genomisk seleksjon i full skala, og vil i sitt prosjekt utvikle IT-løysingar for kostnadseffektive berekningar av avlsverdiar for norsk rødt fe. 

Graminor AS skal arbeide vidare med plantefordeling innan kveite basert på genomseleksjon og det betydelege arbeidet som er utført innan sekvensering av kveitegenomet (der Noreg hadde ein viktig rolle). Det innvilga prosjektet har hovudfokus på aksegroing, som er viktig for norsk kornproduksjon. 

Eit anna prosjekt innan korn er i regi av Kverneland AS. Hovudmålet er å utvikle nye effektive metodar for bekjemping av ugras med minst mogleg bruk av jordarbeiding og plantevernmiddel. 

Sunnare meieriprodukt

European Food Safety Authority har godkjend at vitamin K2-innhaldet kan deklarerast med helsepåstand om positive effektar på beinhelse. Hovudmålet i eit TINE-eig prosjekt er å produsere mjølkebaserte produkt med stabilt auka innhald av vitaminet, basert på produksjon av K2 i mjølkesyrebakteriar. 

Viktige utfordringar skal bli løyst i kjøtbransjen

Dei næringsretta prosjekta som er innvilga i kjøtbransjen vil bidra til å løyse store utfordringar innanfor kjøttbransjen knytt til effektivitet, kvalitet og trygg mat. Gjennom vidareutvikling av on-line måling med NIR (nær infraraudt lys) skal Nortura sikre redusert svinn og sikre tryggje produkt av høg kvalitet. Innan svinekjøtproduksjonen er kastrering av rånar forbunde med dårleg dyrevelferd og lav forbrukaraksept. Animalia er ansvarleg for prosjektet som skal utvikle målemetodar for sortering, genetiske markørar for rånelukt og forhold rundt immunologisk kastrering. Animalia skal også utvikle programvare for risikovurdering av listeria.