Historisk arkiv

Feiring av 200 år med regjering og departement

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Måndag 19. mai vart 200-årsjubileet for regjering og departement markert på eit arrangement ved Karpedammen på Akershus festning. Tilsette og tidlegare tilsette i departementa fekk selskap av blant anna kongen, statsministeren og fleire tidlegare statsministrar.

19. mai 1814 fekk dei regjeringsorgana som regent Christian Frederik hadde oppretta 2. mars same år, sin basis i den nye norske grunnlova. Arbeidet i Statsrådet, Statssekretariatet og fem departement hadde då vore i gang frå 3. mars.

Statsminister Erna Solberg og fleire regjeringsmedlemmer tok imot tilsette og tidlegare tilsette i departementa når 200-årsjubileet skulle markerast. H.M. Kong Harald, stortingspresidenten, høgsterettsjustitiarius og dei tidlegare statsministrane Jens Stoltenberg, Kjell Magne Bondevik, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch er også til stades.  

Arrangementet var sett saman av talar, musikk og andre kulturelle innslag. Sjå arrangementet i opptak på nett-tv.

-

Biletet: Kong Christian Frederik i norsk generalsuniform, malt av Charlotte Berg i Christiania 22. mai 1814 – tre dagar etter at han avla kongseiden på Eidsvoll. (Foto: Norsk Folkemuseum).