Historisk arkiv

Auka forholdstal for kumjølkkvotar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag gjennomført ekstraordinære kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet vedteke å auke forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk med fem prosentpoeng, frå 0,99 til 1,04, for 2018.

Tørkesituasjonen i landbruket går hardt ut over dei produsentane som produserer grovfôr til eigne husdyr, og har skapt usikkerhet kring mjølkeleveransane. I eit ekstraordinært møte den 22. august 2018 gjorde marknadsregulator Tine greie for marknadssituasjonen og prognoser knytt til levering av mjølk for resten av 2018. Tine foreslo å auke forholdstalet frå 0,99 til 1,04 for 2018.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag støtta Tine sitt forslag om å auke forholdstalet. Basert på råd frå jordbrukets organisasjonar og diskusjonen i møtet, har Landbruks- og matdepartementet i dag vedteke å auke forholdstalet for kumjølk frå 0,99 til 1,04 for 2018.

– Eg har i denne saka lagt avgjerande vekt på dei råda eg har fått frå marknadsregulator og frå faglaga, seier statsråd Jon Georg Dale. Det er enno uvisst korleis samla norsk mjølkeproduksjon vil utvikle seg ut over hausten og inn i 2019. Auken i forholdstalet no gjev i alle høve moglegheit til at dei som kan, no kan auke produksjonen, seier Dale.

Frå dagens møte, frå venstre: Nils Asle Dolmseth - nestleiar i konsernstyret for Tine, Merete Furuberg - ledar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, Lars Petter Bartnes - leiar i Noregs Bondelag og departementsråd Leif Forsell - statens forhandlingsleiar.
Frå dagens møte, frå venstre: Nils Asle Dolmseth - nestleiar i konsernstyret for Tine SA, Merete Furuberg - leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, Lars Petter Bartnes - leiar i Noregs Bondelag og departementsråd Leif Forsell - statens forhandlingsleiar. Foto: Landbruks- og matdepartementet