Historisk arkiv

Aukar låneramma i Husbanken med 2 milliardar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Husbanken er i ferd med å gå tom for lånemidlar i 2009. Derfor aukar regjeringa låneramma for inneverande år med 2 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Husbanken er i ferd med å gå tom for lånemidlar i 2009. Derfor aukar regjeringa låneramma for inneverande år med 2 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Det har vore stor etterspurnad etter husbanklån i heile 2009. Ved utgongen av september var 90 prosent av låneramma brukt opp. Låneramma i Husbanken var i utgangspunktet på 12 milliardar kroner i 2009. Ho vart auka med 2 milliardar kroner gjennom regjeringa sin tiltakspakke i samband med finanskrisa, og får no ytterlegare 2 milliardar kroner. Den totale ramma for 2009 er med det 16 milliardar kroner.

- Låna i Husbanken har spela ei viktig rolle for å halda aktiviteten i byggjenæringa oppe. Kommunane har teke opp mykje meir startlån enn tidligare år. Ved å tilføra Husbanken meir lånemidlar sørgjer vi for at fleire viktige tiltak kan få lån, seier Kleppa.

Husbanken gjev lån til barnehagar, startlån til vanskelegstilte på bustadmarknaden og grunnlån til nye eller utbetring av eksisterande bustader.

 - Startlånet er saman med bustadtilskotet og bustøtta eit sentralt verkemiddel for at  vanskelegstilte på bustadmarknaden kan få ein eigen heim. Grunnlånet er viktig for å fremja kvalitetar som miljø og universell utforming, og for å sikra ei god bustadfordeling i heile landet, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.