Historisk arkiv

Betre erstatning etter offentlege pålegg i husdyrproduksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har 29. mai 2016 fastsett ny forskrift om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjonen. Forskrifta skal gjelde frå 3. juni 2016. – Dei faste satsane for erstatning for produksjonsdyr er auka med om lag 20 prosent i høve til satsane som gjeld no. Det vert òg ein auke i godtgjeringa for eigeninnsats i arbeid med smittesanering, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Kamp mot antibiotikaresistens

Føremålet med forskrifta er å medverke til å bekjempe planteskadegjerarar, sjukdomar hos dyr og smittestoff. Forskrifta fastset den økonomiske erstatninga til dei som får pålegg om tiltak. 

 Regjeringa er oppteken av å sikre mattryggleiken. Vi har derfor ein særs ambisiøs strategi for å hindre at resistente bakteriar får fotfeste i norsk husdyrhald, seier landbruks- og matminister Dale. 

Den nye forskrifta tydeliggjer gjeldande reglar, noko som vil styrkje grunnlaget for lik praksis og gjere reglane enklare å forstå og forvalte.

Forskrifta gir administrative forbetringar og betre likebehandling. Utbetalingar etter pålegg i planteproduksjonen forventas å verte noko lågare fordi erstatning avgrensast til berre å gjelde ved destruksjon av planter.

Etter anmodning frå Stortinget går departementet no òg gjennom visse andre sider knytt til erstatning ved funn av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet.