Historisk arkiv

Bilistane vil fortsatt få eit godt tenestetilbod i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i mellom anna Fædrelandsvennen, Østlands-Posten Varden, Budstikka, Firda Tidend, Altaposten, Valdres, Trønderbladet, Jarlsberg, Smaalenenes Avis og Harstad Tidende i perioden 25. - 29. januar 2019.

I 2018 kom det ein rapport frå konsulentselskapet Capgemini Consulting frå områdegjennomgangen av Statens vegvesen som føreslår ein reduksjon frå 82 til 62 tenestestader på trafikant- og køyretøyområdet i Statens vegvesen. Denne rapporten har vekt sterke reaksjonar og spekulasjonar om nedlegging av tenestene mange stader.

La meg først berre gjere ein ting klart: Denne regjeringa vil fortsatt sørge for at vi har tenestestader spreidd over heile landet. Og folk vil fortsatt få tilgang til dei tenesta dei treng.

Fleire tenester vi tidligare har hatt behov for å reise til trafikkstasjonen for å utføre, kan vi no ordne sjølv heimanfrå, med hjelp frå ein pc eller mobiltelefon. Dermed er det ikkje lenger like mange som besøker trafikkstasjonane, vi kan dermed effektivisere tenestene slik at dei er tilpassa vår nye digitale kvardag.

Andre teneste krev fortsatt fysisk oppmøte. Mellom anna gjeld dette for førarprøva. For desse tenestene må vi fortsatt ha eit tilfredsstillande tilbod i heile landet.

Vi vil ha eit effektivt og kundeorientert Statens Vegvesen. Statens vegvesen utarbeider no eit forslag til ny tenestemodell og -struktur. Dette arbeidet har frist 10. mai i år. Statens vegvesen skal, som ein del av oppdraget, kome opp med forslag til kompenserande tiltak for å oppretthalde eit godt tenestetilbod i heile landet.

Rapporten som er venta den 10 mai vil danne grunnlaget for regjeringa si vidare vurdering. I vår regjeringsperiode har vi vore og vil fremdeles være opptekne av å flytte statlege arbeidsplassar ut i landet. No skal mellom anna om lag 1500 arbeidsplassar flyttast frå staten til dei nye regionane.

Det er med andre ord ikkje gjort vedtak om endringar i strukturen i Statens vegvesen. Når det faglige grunnlaget for endringar liggja føre vil regjeringa gå grundig inn i det. Vårt utgangspunkt er at statlige arbeidsplassar kan fordelast i heile landet, og at tenestene i størst mulig grad skal være nær folk.