Historisk arkiv

Bompengefinansiering - Kvam i Hardanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa ber Stortinget vedta delvis bompengefinansiering av Kvammapakken i Hordaland. Ein stor del av investeringane er planlagt mellom tettstadane Øystese og Norheimsund i Hardanger.

Regjeringa ber Stortinget vedta delvis bompengefinansiering av Kvammapakken i Hordaland. Ein stor del av investeringane er planlagt mellom tettstadane Øystese og Norheimsund i Hardanger.

- Prosjektet er viktig fordi dette vil gje eit sikrare vegnett i området, seier statssekretær Geir Pollestad.

Ekisterande veg har i hovudsak dårleg standard. I fleire av prosjekta inngår bygging av gang- og sykkelveg og fortau.

Kvammapakken skal i hovudsak finansierast med bompengar. Kostnadsoverslaget omrekna til 2009-prisnivå er på 440 millionar 2009- kroner.

Alle riksvegprosjekta innanfor Kvammapakken er på den delen av øvrig riksvegnett som blir overført til fylkeskommunen når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at Hordaland fylkeskommune vil bli ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til Kvammapakken frå 2010.

For fleire opplysningar:

St. prp. nr. 77 (2008-2009) "Om delvis bompengefinansiering av Kvammapakken i Hordaland"