Historisk arkiv

Bompengefinansiering - Bømlo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om at Stortinget vedtar delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland. Prosjektet er omtalt som Bømlopakken.

Regjeringa gjer framlegg om at Stortinget vedtar delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland. Prosjektet er omtalt som Bømlopakken.

- Dette er eit viktig prosjekt, som vil bidra til å løyse lokale trafikkutfordringar gjennom eit betre og sikrare vegnett, seier statssekretær Geir Pollestad.

Arbeidet er planlagt med oppstart når innkrevinga for Trekantsambandet vert avvikla, truleg i 2012/2013. Etter opninga av Trekantsambandet har trafikken på Bømlo hatt sterk vekst, og vegnettet er ikkje tilpassa dagens trafikk. Bømlopakken vil gi betre framkome og tryggleik på vegnettet.

Samla kostnadsoverslag for prosjekt og tiltak er om lag ein milliard kroner. Av dette er om lag 910 millionar kroner på dagens øvrige riksvegnett og om lag 90 millionar på dagens fylkesvegnett. Om lag 64 prosent  av investeringane er føresett dekka av bompengar.

Finansieringa av Bømlopakken er basert på statlege og fylkeskommunale midlar, lokale tilskot og bompengar.

Alle riksvegprosjekta innanfor Bømlopakken er på den delen av det øvrige riksvegnettet som er foreslått overført til fylkeskommunane når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at Hordaland  fylkeskommune er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til Bømlopakken frå 2010.

For fleire opplysningar:

St. prp. nr. 78 (2008-2009) "Om delvis finansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland"